Noregs Vassdrags- og Energidirektorat har handsama åtte søknader om bygging av småkraftverk i Volda. Fem av kraftvarka har fått konsesjon, medan to fekk avslag, melder Tussa.

For det siste kraftverket, Botnaelva, kraftverk, har ikkje NVE teke noko avgjerd. Dei tilrår likevel at Olje- og Energidepartementet gir løyve til bygging.

Kraftverka som har fått konsesjon er: Osdalen, Dravlaus, Vassbakke, Osvatnet og Øggardselva, alle i Volda kommune. Storelva kraftverk og Feirdalselva kraftverk i Høydalen har fått avslag.

Tidlegare i månaden gav NVE løyve til tre nye kraftverk i Ørsta. Dermed er det no konsesjonar for til saman åtte nye kraftverk i Volda og Ørsta.

Dei seks kraftverka som no har fått eller er tilrådd løyve i Volda, vil produsere omlag 46 GWh i eit medels år. Det svarar til straumbruken til 2.300 husstandar.

NVE har handsama søknadene samal for å gjere ei heilskapleg vurdering av konsekvensane av kraftverka.

– Det er lagt vekt på å få fram dei prosjekta som har minst konflikt med allmenne interesser og som samstundes vil bidra til ny fornybar energiproduksjon, skriv Tussa i ei pressemelding.