Rådmannen rår til oreigning av grunn til idrettsanlegg på Vartdal.

– Det har vore freista å få til friviljug avtale med grunneigarane om avståing av grunn til nytt idrettsanlegg på Vartdal, men dette har ikkje lukkast. Ein har også varsla grunneigarane om at kommunestyret må ta stilling til om arealet skal oreignast dersom det ikkje vert semje mellom partane. Ut frå dette vil eg rå til at kommunestyret gjer vedtak om å oreigne, til fordel for Vartdal turn og idrettslag, det arealet som dei har trong om til nytt idrettsanlegg.

Det seier rådmannen i ei tilråding til formannskapet.

Dersom kommunestyret vedtek oreigning, vil dette råke desse eigedomane: Gnr 99 bnr 11, eigar Olav Sætre, Sigmund Sætre d. bu v/ Magne Ivar Sætre, Per Jon Sætre, Ottar Sætre og Ståle Sætre, gnr 99 bnr 22, eigar Jogeir Sætre, gnr 99 bnr 25, eigar Olav Berg, gnr 99 bnr 31, eigar Arvid Sætre, gnr 99 bnr 34, eigar Andreas Sætre og Åshild Vartdal og Eva Sætre Volle. Parsellane til grunneigarane utgjer samla kring 28.727 kvm.

Forhandlingar

Dersom administrasjonen ved parallelle forhandlingar med handsaming av oreigningssaka får semje om frivillig avtale, meiner rådmannen at ordføraren skal få fullmakt til å godkjenne desse. Rådmannen rår også til at kommunen søkjer fylkesmannen om å ta grunnen i bruk før skjøn er halde. Vidare rår rådmannen til at det ver fremja krav om skjøn.

Godkjend

Det var mai i 2009 at reguleringsplanen for Vartdal idrettsanlegg vart godkjend. Eigarane av det regulerte idrettsanlegget påklaga vedtaket til kommunestyret inn til fylkesmannen. Han fann ikkje grunnlag for å oppheve kommunestyret sitt vedtak og klaga førte ikkje fram.

Etter vedtaket til fylkesmannen låg føre, vart det i møte mellom idrettslaget og kommunen semje om at idrettslaget skulle sende førespurnad til grunneigarane om friviljug avtale om kjøp. Grunneigarane var ikkje viljug til å avstå grunn til idrettslaget. VTIL ønskte då hjelp frå kommunen om å sikre grunn til nytt idrettsanlegg på Vartdal.

– Kommunen bør stille seg positiv til forhandlingar parallelt med handsaming av oreigningssaka fram mot forhandlingane tek til i skjønsretten, meiner rådmannen.