Den nye Rema-butikken på Ose opna torsdag, men planane om ein automatisk Uno X-bensinstasjon utanfor butikken er førebels ikkje realiserte.

– Vi ventar på klarsignal til stasjonen frå kommunen, men har ikkje fått noko prognose på når svaret kjem. Men eg trur stasjonen kjem med tida, seier kjøpmann Hermann Vatne.