– Eg har jobba her i elleve år, og eg vert aldri lei. Berre sjå ut. Sjå!

Svenske Anna Bildstein-Hagberg let augo kvile på Hjørundfjorden. Loddrette fjellvegger stuper ned i ein fjord som i eine augneblinken badar i sol. Den neste i vind. Så nokre dropar frå oven. Her og der eit kvitmåla hus. Ei løde. Ingen vegar. Berre fjorden, fjella og menneska. Nydryssa melis på toppane. Og hurtigruta Polarlys. Aleine på fjorden.

– Det er noko nytt heile tida. Vêret endrar seg. Ting ser annleis ut frå gong til gong. Det er den same turen, men likevel er det aldri det same. Det er «jättetrevligt» å få representere noko så fint.

Ho skulle berre ha ein sommarjobb, den gongen for 11 år sidan. Den varer enno, i resepsjonen på hurtigruta Polarlys.

350 passasjerar

– Vi kjem no inn Hjørundfjorden, fjorden som deler Sunnmørsalpane i to. Den er ramma inn av loddrette fjell, er 35 kilometer lang, to kilometer brei, 440 meter djup, og for det meste utan veg langs strendene.

Stemma til reiseleiar Marte Svinnset frå Molde strøymer ut frå høgtalarane. Først på norsk, så på engelsk, og til slutt på tysk. Langs vindauga sit folk med ryggen til og kikar ut. Nikkar og peikar. Fotoapparat rundt halsen. Alltid på jakt etter eit motiv. Dei finn mange. På dekk er det trongt om plassen. 350 passasjerar med blikket vendt mot fjorden.

Haustgull

Øvst oppe på dekk sju står Eva Stiegler. Også ho knipsar ivrig. Ho er reiseleiar for selskapet Vantage og har med seg 34 amerikanarar på ein 11 dagars hurtigrutetur.

– At Urke og Hjørundfjorden vart lagt inn som fast rute i fjor er heilt fantastisk. Amerikanarane reiser til Noreg for å få oppleve fjordane. No får dei valuta for pengane.

Autumn Gold kallar dei det. Haustgull. Trea er i ferd med å skifte farge. Turane til Geiranger er avslutta. Hjørundfjorden tek over.

– Geiranger er flott, men dei manglar intimiteten som vi finn her i Hjørundfjorden og på Urke. Vi er aleine på fjorden, bortsett frå ferjene. På land vert vi møtt av lokale, jordnære folk. Det er ei utruleg flott og genuin oppleving, seier Stiegler.

– Det er nydeleg har. Det er jo ikkje muleg å seie noko anna. Fantastisk. Utruleg bra.

Huib og Lisbeth Den Dikken har teke turen frå Nederland. Kontrastane kunne ikkje ha vore større. Frå paddeflatt til 1.600 meter høge fjellvegger. Så nært at det er freistande å strekkje ut handa for å kjenne etter.

Wu Jing og Zhu Hua har reist heilt frå Kina. No står dei altså på dekk og kikar og knipsar bilete av vesle Urke.

– Eksotisk seier dei.

– Og så snøen da. Langt der oppe. Og sauer som beiter på grøne marker. Vakkert, vakkert. Men kva gjer dei på om kveldane?

Minner for livet

Turen frå Ålesund til Urke tek to timar. Når alle passasjerane som ønskjer det er skyssa i land får dei 60 tilsette om bord pusterom. På brua skodar kaptein Kjell Inge Jensen og sikkerheitsoffiser Leif Ståle Hansen ut gjennom panoramavindauga.

– Det gjer godt med fornying, både for oss og for dei som reiser. Mange reiser jo med oss fleire gongar. Og det er roleg her i Hjørundfjorden. Her er ingen andre store båtar. Det betyr mindre stress for passasjerane og for oss, reflekterer kapteinen.

– Det er all slags natur i all slags vêr. Det er mektige scener. Vi får vere med på å lage minner for livet for passasjerane. Det er det som driv meg, seier Anna Bildstein-Hagberg.