Etter at fylkeskommunane overtok ansvaret for dei fleste ferjene i Møre og Romsdal og andre delar av landet, har kostnadene til drifta av ferjene auka kraftig.

Ferjene er drivne gjennom anbodskonkurransar, og reiarlaga leverer tilbod til fylkeskommunen. Det er summane i desse tilboda som har auka.

No meiner stortingsrepresentant Geir Pollestad (Sp) at Regjeringa må ta ansvar for dei løpske kostnadene.

– Då ansvaret for mange av ferjestrekningane vart overført frå staten til fylka, så vart dei faktiske kostnadene kompensert. No viser det seg at prisane i førre anbodsrunde var kunstig låge. Det må Regjeringa ta innover seg, seier Pollestad, som også leiar næringskomiteen på Stortinget.

Han har teke opp spørsmålet med samferdsleministeren i Stortinget.

Fleire samband

I Ørsta og Volda er sambanda Lekneset-Sæbø-Skår-Trandal-Standal, Volda-Lauvstad og Hundeidvika-Festøya drivne av fylkeskommunen.

Volda-Folkestad er førebels under fylkeskommunen, men skal etter planen tilbake til statleg drift. Festøya-Solavågen er europaveg-ferje, og ligg difor under staten sitt ansvar.

– Reduserer ansvaret

Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) tolkar spørsmålet til Pollestad i retning av at han ønskjer å gi fylkeskommunen øyremerka, statlege midlar til ferjedrift.

– Dersom ein skulle øyremerke midlar, så vil det i praksis seie at ein reduserer fylkeskommunens handlingsrom og ansvar. Eg er overraska dersom Senterpartiet ønskjer ei slik tilnærming. Eg minner om at fylkene fekk betydeleg ansvar for vegnettet under den raudgrøne regjeringa, der Pollestad var statssekretær, skriv Solvik-Olsen i svaret til Pollestad.

Statsråden vedgår likevel at kostandene for ferjetrafikken har auka, både på riksvegferjene og fylkesvegferjene.

– Denne utviklinga følgjer eg nøye med på, og eg vil sjå kva moglegheiter det er for å få til ein betre balanse i ferjemarknaden for å redusere kostnadsveksten i framtida.

Geir Pollestad, stortingsrepresentant for Senterpartiet og leiar av næringskomiteen på Storinget. Foto: Senterpartiet
Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) Foto: Roy-Arne Folkestad