Ålesundtrenar Geert Brinkmann uttalte til Sunnmørsposten laurdag at han såg på kampen som Davids møte med Goliat; med andre ord Volda som soleklar favoritt.  Bylagstrenaren la opp til ein taktikk som skulle få ned tempoet i Voldaangrepa og i kampen.

Tina i storform

Ålesund starta i eit 4-2 forsvar der dei la ut frimerke på Aukse Aglienskiene og Line S.Hagen. Heimelaget og trenar Igor Terzic var godt budd på å møte ein offensiv forsvarsvariant og sa dette om Ålesund sin taktikk.

– Vi visste at Ålesund kom til å forsøke å stresse oss og dette snakka vi om på treninga fredag. Det var likevel svært overraskande at dei ikkje sette frimerke på Tina Gavranic. Samtidig ville det gitt oss mykje rom å boltre oss i uansett kven dei hadde teke ut.

Med speleoppleggar Tina Gavranic i storform  viste lystavla 7-2 leiing etter ti minutt. Då hadde heimelaget i tillegg bomma på fleire hundreprosent sjansar og fleire skulle det bli. 20 minutt ut i omgangen sto det 13-5 og det var divisjonsskilnad på laga. Siste ti minutta avslutta heimelaget med å skåre eitt mål, dei bomma på fire straffekast og nærast inviterte bylaget inn att i kampen. Ålesund vann siste ti minutta 6-1 og hadde kontakt då laga gjekk til pause.

God 2.omgang

Praten i pausen hadde gjort Voldaspelarane godt. Dei fekk nullstilt seg og brukte seksminutt på å punktere kampen i 2.omgang. Dei gjekk då frå 14-11 til 19-11. Ålesundtrenar Brinkmann valte då time-out for å endre taktikk. Men heimelaget hadde no festa grepet og stramma det berre meir då byjentene gjekk tilbake til eit 3 -2-1forsvar. Midtvegs i omgangen hadde Volda auka til 27-14 og trenar Terzic skifta ut heile førsteseksaren og lot alle få verdifull speletid mot slutten.

Olivia i hovudrolla

Etter pause fekk ein sjå kva dette Voldalaget er gode for. Særleg imponerte Olivia Kiss med flotte avslutningar frå alle mogelege vinklar. God var også kantspelar Linn Berg som ved eit par høve fekk tøff behandling av byjentene. Speleoppleggar Tina Gavranic var sentral i det meste Volda gjorde både offensivt og i forsvar. God andre omgang av Aukse Aglienskiene.

Trenar Igor Terzic var godt fornøgd med andre omgangen.

– Vi fekk sett forsvaret og spelar god angrepshandball. Med slik innsats og fokus blir vi vanskelege å slå. På det beste er vi det beste laget i divisjonen, men vi kan ikkje ha slike perioder som vi hadde på slutten av første omgang i dag.

Voldakaptein Hilde Egset spelte ikkje kampen søndag pga av praksis i Trondheim.

Kampfakta

Volda HK- Ålesund HK   32 – 20 (14-11)

Voldahallen: 284 tilskodarar.

Volda: Runa Vik, Anita Gaarder, Anette Berg , Linn Berg 4, Kine Kvalsund 1, Olivia Kiss 9, Maria Ulla 2,  Line S.Hagen 4, Vanessa S.Hoel 1, Aukse Aglienskiene 5,Tina Gavranic 6, Jenny Nilsen og Tiril Eidset.

Toppskårar Ålesund:Line K.Karlsen

Best på Volda: Olivia Kiss.

Utvisningar: Volda 3 x 2min, Ålesund  6x 2min.

Domarar: Rolf Erik Pedersen og Tone W.Pedersen