– Du må ha både kommunal og politisk vilje til å setje i gang med ei samanslåing av Nav-kontor. Det er mange praktiske utfordringar på IT-sida og med rutinar og kultur, men måten dei har gått i gang med dette i Volda og Ørsta kan godt vere ein mal for andre i ein tilsvarande situasjon, seier Vågeng.

– Viktig for ekspertutvalet

Nav-ekspertutval vart oppnemnt av arbeids- og sosialminister Robert Eriksson, og har fått i oppgåve å gjennomgå. Målet er å avbyråkratisere etaten til det beste for brukarane og hjelpe fleire frå trygd til arbeid. No er utvalet på reise for å hauste erfaringar frå fleire NAV-kontor, og første stopp torsdag var Nav Ørsta/Volda. I møte med m.a. kommunal leiing, tilsetterepresentantar og Nav-leiinga lokalt fekk utvalet høyre om erfaringane med samanslåinga frå alle involverte partar.

– At Volda og Ørsta har starta opp eit felles NAV-kontor, og dei erfaringane som dei har gjort seg så langt, er viktig for ekspertutvalet å ta med seg. Det har vore ein god diskusjon som i hovudsak har dreia seg om når to kontor skal slåast saman til eitt, om to kommunale system, ulike statleg system, men likevel ein vilje til å ha eit kontor då dei meiner at dei får betre kompetanse på kontoret som kan betene brukarane på ein betre måte.

Nyttig og lærerikt

Eit tema som ekspertutvalet utfordra Nav-kontoret i Ørsta på var tilgjengelegheit, og dei ville vite kva slags utfordringar det skaper når eit kontor vert lagt til ein vertskommune. I tillegg ville dei høyre dei tilsette sine erfaringar med samanslåinga.

– Det som er gjennomgåande positiv, både frå leiinga og dei tilsette, er stor vilje til å gå vidare med prosjektet som dei har starta på. For oss har det vore veldig nyttig og lærerikt.

Rådmann i Ørsta, Wenche Solheim, var og godt nøgde med møtet.

– Dei tillitsvalde og tilsette har vore opne og ærlege på kva som har fungert og ikkje fungert både før og etter samanslåinga. Vi har fått til samanslåinga gjennom politisk vilje, tru og rausheit, seier Solheim

Erfaringane som ekspertutvalet tok med seg frå Ørsta vil verte ein del av delrapport om organiseringa av NAV-kontora. Ein endeleg rapport frå ekspertutvalet skal leggjast fram innan 15. mars 2015.