Det strøymde på med småbarnsfamiliar, og mannskapet i brannvernet stilte velvilleg op p for å vise kva eit moderne brannvern er.

Borna fekk prøve seg bak rattet i brannbilen (når han stod stille sjølvsagt, dei fekk sprøyte vatn med sterkt trykk frå brannslangen, og dei fekk sjå og lære korleis dei skulle opptre i eit røykfullt rom.

Kanskje ekstra spennande var det då brannvernet skulle demonstrere redning. Då viste brannmannskapa korleis ein bil vert klipt opp for å få ut folk som kan sitje fast og vere skadde.

For Ørsta brann og redning er brannverndagen på hausten ein nyttig dag. Det skal ikkje berre vere løye, men også ein informasjonsdag om korleis folk skal opptre viss det skulle byrje å brenne i eit hus – og ikkje minst – korleis førebyggje slik at det ikkje oppstår brann.

Sjå video under: