Skorgeura grendelag har fått innspel frå foreldre til skuleborn på Sætre om eit særleg trafikkfarleg punkt ved busslomma ved Hagevegen på ytste Sætre. Borna frå Sætrebakkane nyttar den bratte brauta ned til Hagevegen, og dei må her krysse vegen til busslomma når dei skal til skulen om morgonen.

Hagevegen har i dag 60 km fartsgrense og har mange avkøyrsler og uoversiktlege punkt. Dette har grendelaget peika på og bede om endring av i brev til Ørsta kommune ved fleire høve tidlegare, utan å få noko konkret resultat.

– For å trygge skuleborna vil vi at kommunen gjer trafikktryggande tiltak slik som opphøgd gangfelt på det aktuelle punktet, god skilting, betre lyssetjing og redusert fartsgrense, ber leiar i Skorgeura Grendelag, Børge Sætre om.