To gonger sist helg opplevde Eldbjørg Tvergrov det same: Utanlandske turistar som køyrer over Standaleidet eller tek Hjørundfjordferja til Standal, for så å skulle køyre til Festøya. Men der møter dei ein stengd veg ved Ysteneselva. Den gamle brua er nemleg fjerna, og ny bru skal opne i byrjinga på oktober.

- Vegvesenet har skilta fint med gule skilt. Problemet er at skilta berre er på norsk. Informasjon på engelsk eller andre språk er det ikkje, seier Tvergrov.

Ho har barndomsheimen på Ytre-Standal og var der sist helg. Både laurdag ettermiddag og søndag føremiddag opplevde ho at utanlandske bilturistar stoppe og bad henne om hjelp.

- Eg kunne diverre ikkje hjelpe dei med anna enn å fortelje at skulle dei til Festøya, måtte dei køyre om Ørsta og Vartdalsstranda. Det er seks mil, fortel Tvergrov.

Ho kritiserer Statens vegvesen for berre å ha skilta på norsk, men innser at det no er i seinaste laget å gjere noko med det. Den ny brua opnar om to veker.