Fora form lanserer i dag (torsdag) ein ny stol. Det skjer i Oslo i deira eigne lokale.

– Dette er eit stort løft for oss, og føyer seg inn i ei rekkje av aktivitetar vi skal ha i haust, seier salssjef Frode Sporsheim hos Fora form AS.

Den nye stolen heiter «Pond», og er formgjeven av Olav Elgøy. Han er ein formgjevar Fora form har nytta seg mykje av tidlegare, og som har vore med på å forme ut produkt som har hatt stor salssuksess.

Fora form meiner «Pond» vil gje ringverknader både når det gjeld sitjekomfort og når det gjeld tilpassing til interiør.

I utforminga av stolen har Eldøy late seg fascinere av ringane som spreier seg i vatnet når ein kastar stein i dammen.

Trearmlenet skal symbolisere den ytste ringen i vatnet, og som omsluttar kroppen og gjev god støtte.

Fleire bruksområde

Pond kan vere ein lett konferansestol med hjulunderstell, besøksstol i flotte eikenyansar eller ein kantinestol med meiar for å dempe støy.

Stolen er stabelbar med to forskjellige understell.

– Fora Form AS er inne i ei god utvikling, og vi ser med spenning fram til denne produktlanseringa, seier Sporsheim.

Produktutvikla i løynd

Fora form har arbeidd med produktutviklinga i løynd.

– Dette produktet har vi halde tett om. Vi har ei god kjensle om at marknaden vil ta god i mot. Mykje av det som rører seg i tida med materialbruk og fargeval er i denne stolen, seier Sporsheim.

– Vi meiner stolen ikkje vil kannibalisere på andre produkt vi har. Fordi han er så fleksibel, vil han ha eit stort spenn i prissjiktet, seier Sporsheim.

I tillegg til lanseringa av «Pond». vil også andre nyvinningar verte presentert i Oslo.

– Vi har også en del andre eksisterande produkt som har hatt ei vidareutvikling, seier Sporsheim.

Han poengterer også at showrommet/utstillingslokala i Oslo har vorte pussa opp, og der Abstracta-produkt er integrert saman med Fora form-produkt. Abstracta er eit systerselskap til Fora Form i Sverige.

Fora form er ein del av konsernet Lammhults Design Group, og Fora Form har fått ansvaret med å marknadsføre Abstracta-produkt i Noreg.

Vi har ei god kjensle om at marknaden vil ta godt i mot Pond.

Pond kan både vere konferansestol og kantinestol.
Vi ventar oss mykje av den ny stolen, seier salssjef Frode Sporsheim hos Fora form AS.