Dette melder Våre Veger. KA Aurstad og Statens vegvesen vart begge pålagde bot etter dumparulukka på Dalsfjordsambandet i januar i fjor. Ein 25 år gamal mann frå Ørsta omkom då dumparen hans hamna i fjorden 21. januar.

Til Våre Veger seier styreformann og eigar Kjell Arne Aurstad at dei har anka saka og sendt den tilbake til Sogn og Fjordane politidistrikt med beskjed om at dei ikkje kan akseptere bota på ein million kroner. Selskapet er også innstilt på at saka vert avgjort i retten om det er nødvendig.

Aurstad ynskjer ikkje å gå nærare inn på stadpunktet selskapet har tatt i saka til Våre Veger, fordi det kan oppfattast som ein førehandsprosedering.

Tidlegare har politiadvokat Jørn Lasse Refsnes ved Sogn og Fjordane politidistrikt opplyst at det var mangel på oppfølginga av HMS-planen på ein snuplass på anlegget som låg til grunn for den høge bota.

I tillegg til bota på ein million kroner er KA Aurstad i tillegg pålagt å betale 100.000 kroner i erstatning til kvar av foreldra til den omkomne. Statens vegvesen vart ilagt ei bot på 500.000 kroner etter ulykka.