Spesielt er det forholda kring støy og stor fart i Ørsta sentrum og mangel på gang- og sykkelveg i Barstadvik ordføraren ynskjer å ta opp.

– Det har gjennom sommaren vore stort søkjelys på problem knytt til uansvarleg køyring m.a. på E39 gjennom Ørsta sentrum, seier ordføraren i invitasjonen til Statens vegvesen.

Vidare peikar han på forholda i Barstadvik, der skuleborn må gå langs E39 på strekningar der det ikkje er gang- og sykkelveg.

– Eg har fått spørsmål om kva som kan gjerast på kort sikt for å betre tryggleiken til born (og andre) som må ferdast langs E39 i det aktuelle området i Barstadvik, eit område der det siste tida har vore tilflytting av fleire barnefamiliar, seier ordføraren. Det er fyrst og fremst strekninga Romestrandbrua – Hjellen som er problematisk, for der manglar det gang- og sykkelveg.

–Denne saka er svært viktig for innbyggjarane i Ørsta, og eg legg stor vekt på å finne moglege løysingar som tek i vare tryggleiken til både born og vaksne i kommunen, seier ordføraren.