Måndag kveld publiserte TV2 ein artikkel som avslører identitet til fem personar med norsk tilknyting som har reist til Syria og Irak for å kjempe for terrorgruppa IS (Islamsk Stat).

Ifølgje TV2 er dette dei fem personane norske styresmakter fryktar mest.

Ein av dei fem er Hisham Huissain Ahmed. Ifølgje TV2 er 24-åringen ein av dei som har vore lengst i Syria, og han har ein leiande posisjon i IS.

Ahmed kom til Norge frå Eritrea 13 år gammal, som einsleg, mindreårig asylsøkar. Han budde i fem år hos ein fosterfamilie i Bærum.

Etter vidaregåande flytta han til Volda for å studere. Ifølgje TV2s kjelder forandra han seg då han flytta heimanfrå, og han kom tilbake med eit nytt og meir konservativt syn på religionen islam.

Det er truleg ein del år sidan Ahmed var i Volda. Han er ein av dei med norsk tilknyting som har vore lengst i Syria, ifølgje TV2.

Terrorgruppa IS har overteke kontrollen over delar av Syria og Irak, og har ei svært ekstrem framferd. Dei har mellom anna avretta fleire vestlege journalistar på bestialsk vis og lagt videoar av det ut på nettet.

Mellom 50 og 60 personar med norsk tilknyting har reist til Syria og Irak, og fleire av dei kjempar truleg for IS.

Møre-Nytt har vore i kontakt med rektor Per Halse ved Høgskulen i Volda, ordførar Arild Iversen i Volda kommune og lensmann Guttorm Hagen i Volda og Ørsta tysdag.

Ingen av dei kjenner til detaljane i saka, og dei ønskjer heller ikkje å kommentere den.