– Vi skulle eigentleg opne drivstoffanlegget igjen på torsdag, men no viser det seg at arbeidet tek ei veke til, seier dagleg leiar Karin Brit Svendsen Holstad ved Statoil Ørsta til Møre-Nytt.

Anlegget vart stengt i førre veke. Heile drivstoffanlegget blir skifta ut, og difor er det ikkje mogleg å fylle drivstoff eller vaske bilen ved stasjonen for tida. Butikken er open som vanleg.

– Vi ber om orsak til kundane for ulempene dette medfører, men satsar på å kome sterkt tilbake i neste veke. Då bli det fullt køyr.

Ny dato for opning av drivstoffanlegget og vaskehallen er 26. september.