– Mannen var skogsarbeidar, men dreiv ikkje med hogst då ulykka skjedde, seier lensmann Guttorm Hagen i Volda og Ørsta til Møre-Nytt.

Politiet er komne langt i etterforskinga av den tragiske arbeidsulykka på Kalvatn torsdag allereie. Ifølgje Hagen har treet tilsynelatande brotna av seg sjølv, og velta over mannen.

– Dette er skog som truleg vart skadd under orkanen «Dagmar» i romjula 2011. Når skogen rundt treet har vorte teke ned no i det siste, kan det ha ført til at treet mista støtta si og velta.

Hagen presiserer at politiet ikkje har konkludert med noko enno.

Kunne ikkje vore på staden raskare

Ifølgje Hagen vart ambulanse og brannvesen varsla om ulykka med ein gong. Fleire ambulanser og luftambulanse rykte ut med ein gong, og helsepersonell kunne ikkje ha vore på staden tidlegare.

– Politiet vart varsla noko seint, om lag 30 minutt etter den første meldinga. Men det hadde ikkje noko å seie for den livreddande førstehjelpa. Livet til mannen stod ikkje til å redde.

Arbeidstilsynet kopla inn

Mannen som omkom var 20 år gammal og frå Polen. Han var engasjert saman med fleire andre til å drive skogsarbeid i området.

– Sidan han var tilsett og ulykka skjedde i yrkessamanheng, gjer Arbeidstilsynet sine eigne granskingar. Dei startar arbeidet i dag, med bistand frå politiet, seier Hagen.

Politiet og Arbeidstilsynet følgjer kvar sine løp i etterforskinga.

– Ja, vi har kvar våre ansvarsområde, og vil følgje opp dei gjennom kvar våre granskingar.

Pårørande blir varsla

Politiet jobbar no med å varsle dei pårørande.

– Vi ønskjer å ta vare på dei og gi dei best mogleg informasjon om det som har hendt. Dette er ei svært trist hending, seier lensmannen.

PS: I ein tidlegare versjon av denne artikkelen stod det at dei pårørande til mannen er på veg til Volda. Desse planane er endra, og dei kjem ikkje til Volda med det første.