Tysdag fekk lokale kommunestyrerepresentantar høve til å grille kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) om den komande kommunereformen.

Sanner møtte kommunestyra i Ørsta og Volda under eit felles møte i Aasen-tunet, om lag nøyaktig der dagens kommunegrense ligg.

Ordføraren i Ørsta, Rune Hovde (H), uttrykte at møtet var startskotet for den lokale prosessen mot kommunesamanslåing.

– Eg trur det var godt for dei lokale representantane å få ei slik orientering som vi har fått i dag, sa han til Møre-Nytt etter møtet.

Sanner vart bombardert med spørsmål og kommentarar frå kommunestyrerepesentantane, og særleg eitt tema gjekk igjen: Vegar, bruer og tunnelar.

– Om Regjeringa bidreg i ein bypakke som inkluderer voldatunnel og ørstafjordkryssing, er det eit godt incitament for ei kommunesamanslåing, sa representant Johan Bertdel Vartdal (Frp) i Ørsta kommunestyre.

Sanner var tydeleg på at pengar til slike prosjekt ikkje vil vere ein del av reformen.

– Vi vil ikkje love noko vi ikkje kan halde. Og eg vil ikkje seie at dersom det kjem ei samanslåing, kjem det også pengar til bruer og tunnelar, sa Jan Tore Sanner.

Les meir om Sanner-besøket i papiravisa torsdag.