Bustadprisane har stige nesten kontinuerleg i 20 år og er no rekordhøge. Likevel blir vi stadig yngre når vi kjøper vår første bustad.

– Høgare bustadprisar ser ikkje ut til at folk må vente lenger før dei kjøper sin første bustad. Tvert imot er førstegongsetableraren i dag yngre enn nokon gong., seier kontorleiar Bernt Østgaard i Sparebank1 Søre Sunnmøre

Ei forbrukarundersøkjing som Respons har utført for SpareBank 1 viser at snittalder for første bustadkjøp er 28 år. Og det er store skilnader mellom aldersgruppene.

Student og bustadeigar

Dagens pensjonistar var i snitt 32 år gamle då dei kjøpte sin første bustad. 50-åringane var i snitt 28 år då dei etablerte seg i bustadmarknaden, medan bustadeigarar mellom 25 og 34 år i snitt kjøpte sin første bustad som 26-åringar. Og to av ti studentar har allereie kjøpt eigen bustad.

- Eg høyrer stadig at høge bustadprisar hindrar unge i å etablere seg. Det er ei sanning som vi må moderere eller kanskje til og med forkaste, seier Østgaard  i SpareBank 1.

Bustadmarknaden i Noreg er heit, og svært mange unge ønskjer å kjøpe i staden for å leige. Høge bustadprisar og strengare krav til eigenkapital dei siste åra har gitt ein boom i økonomisk foreldrehjelp.

Hastverk

- Foreldre har til alle tider hjelpt borna inn på bustadmarknaden, men det er opplagt blitt meir vanleg no å få økonomisk bistand frå foreldra, seier Bernt Østgaard.

Han har inntrykk av at unge og studentar i dag har hastverk med å etablere seg med eigen bustad. Mange vil kjøpe tidleg, av frykt for å gå glipp av ein prisoppgang eller for å kjøpe før prisane blir endå høgare.

- Uansett er bustadkjøp i ung alder blitt mogleg ved at foreldre i større grad enn før deltar i finansieringa. Dette såg vi seinast i sommar, der mange unge og studentar var på visning med foreldre på slep, fortel Bernt Østgaard.

Lære å spare

Han ser det som naturleg at foreldre hjelper borna inn på bustadmarknaden, men ber både born og foreldre tenke seg godt om før dei kjøper og ikkje forhaste seg.  Kostnadane ved kjøp og sal av bustad er store, og faren er stor for at bustadhandelen går i minus for den som må bytte bustad etter kort tid.

- Ikkje stress med bustadkjøpet. Og foreldra gjer borna sine ei teneste dersom dei let dei spare sjølve og ikkje få alt opp i hendene. Det gjer unge godt å venne seg til langsiktig sparing og bygge opp eigenkapital sjølv, seier Bernt Østgaard .