Seks verksemder som arbeider med transport til og frå Store-Standal stiller seg bak fjerninga av ei innsnevring på ei bru på Standal.

Det er Ørsta kommune som har innsnevra ei bru på Standal av tryggingsomsyn.

Dette har vist seg å medføre vanskar for entreprenørar og transportbedrifter som køyrer til og frå Standal. Difor har dei teke saka i eigne hender, og fjerna innsnevringa.

– Vi er fleire store firma som arbeider her inne med store anleggsmaskinar, og for å kunne utføre arbeidet vi er sett til å gjere, var det absolutt nødvendig å fjerne denne innsnevringa, seier Harald Klokkehaug i Klokkehaug maskin As i eit skriv til Ørsta kommune.

Ikkje Standal Knuseverk åleine

Han poengterer at dette ikkje er noko Standal knuseverk har funne på.

– Vi har fått beskjed om at Standal knuseverk har fått «skulda» for at innsnevringane er fjerna. Det stemmer ikkje, for det var ei felles avgjerd av oss alle, seier Klokkehaug.

Han peikar på at Ystenesbrua ved Ytre Standal er stengt, og utan å fjerne innsnevringa ville fleire firma ha vore innesperra.

– fleire sementbilar m.a. har fått skadar på grunn av desse vanskane med innsnevringa, seier Klokkehaug.