Åtte studentgrupper fekk ein oppdragsgivar frå det lokale næringslivet i Volda og Ørsta, og 24 timar til å kome fram til ei løysing på ei problemstilling.

– Det er kjekt å sjå at oppdragsgivarane stiller opp og er positive kvart einaste år, seier Bjørn Tafjord ved Høgskulen i Volda.

Variert

Det var stor variasjon i dei ulike problemstillingane gruppene fekk med oppdragsgivar. Medan ei gruppe skulle kome opp med eit formidlingsopplegg for barneskuleelevar for Volda bygdetun og garvemuseum, skulle ei anna gruppe finne ut korleis fleire reisande på Folkestad-ferja la turen innom kiosken Lenas ferdamat. Markus Helset, Kristin Solberg og Bertine Bø hadde Fora Form som oppdragsgivar, og oppgåva var å kome fram til eit nytt produkt som bedrifta kunne gi vekk under produktlanseringa av ein ny designstol.

– Det har vore veldig kjekt å jobbe med ei slik problemstilling i 24 timar, men det har vore utfordrande, seier Helset.

Alle tre studentane har tidlegare vore med på gründercampar på vidaregåande og ungdomsskule, men då hadde dei meir tid til å kome fram til ei løysing.

– Vi sat oss litt fast i tankegangen med m.a. nøkkelknipper, men vi kom oss ut av dette og byrja heller å tenkje kva vi treng og som ikkje finst innan slike produkt. Og til slutt fall valet på ei matboks som ingen andre har. Vi vil ta dette vidare til Fora Form, og høyre om dei kunne tenkje seg å bruke ideen, seier studentane.

Matboksideen til Helset, Solberg og Bø gav dei ein andreplass under årets gründercamp, og 1.000 kroner i premiepengar. Studentgruppa som jobba for Vartdal plast stakk av med sigeren for deira idé om pizzabokser laga av styroform, og fekk 1.500 kroner. Tredjeplassen gjekk til gruppa til Lenas ferdamat, og dei fekk 500 kroner i premie.