- Det er viktig at publikum varslar politiet om mistenkeleg køyring. Nettopp gode observasjonar frå publikum ligg til grunn for pågriping i to av dei fire sakene frå sist veke, seier Sunnmøre Politidistrikt i ei pressemelding.

- Rus er ein viktig faktor som løyser ut ulykker, eller i stor grad medverkar til at dødsulykker skjer på vegane her i landet. Utfordringa med å luke ut ruskøyrar frå trafikken er stor og politiet ynskjer å vise ei offensiv haldning til problemstilinga, uttalar dei.

To i Ørsta

På morgonen fredag 22. august fekk politiet tips frå publikum om vinglete køyring i Ørsta. Ein mann i slutten av 30-åra vart stoppa og kontrollert. Han er mistenkt for køying i ruspåverka tilstand og for bruk av narkotika. Det vart gjort beslag av 100 gram amfetamin, diverse narkotiske tablettar og cannabis.

På dagtid onsdag 27. august fekk politiet ny melding frå publikum om vinglete køyring i Ørsta sentrum. Ved kontroll fann politiet grunn til å mistenke føraren, ein mann i 70-åra, for brot på vegtrafikklova for køyring i rusa tilstand.

Volda og Tjørvåg

Natt til torsdag 28. august vart ein mann i slutten av 20-åra teken for køyring i rusa tilstand på Egset i Volda. Bilen vart stoppa for kontroll av ein patrulje. Førar vart deretter mistenkt for køyring i rusa tilstand og brot på narkotikalovgivinga. Forholda er erkjent.

Natt til fredag 29. august vart ein mann i 20-åra kontrollert av ein patrulje i Tjørvåg. Mannen er mistenkt for køyring i ruspåverka tilstand og brot på narkotikalovgivinga.

Alle dei fire vart framstilte for blodprøvetaking og dei har alle fått sine førarkort beslaglagde.

Rus

Tal frå Transportøkonomisk institutt viser til at det kvar dag skjer 30.000 køyreturar i rus. I snitt vart 24 tilfeller av ruskøyring melde kvar dag i 2013.