Situasjonen med at mobilkranoperatørar finn regelverket rundt køyring av mobilkraner tungvint er ikkje unikt for Ørsta kommune. Dagleg leiar Askjell Våge i Sunnmøre kranservice ynskjer at Ørsta kommune skal få saka opp på politisk nivå, og ordførar Rune Hovde vil ta opp saka med Jan Tore Sanner komande veke.

– Det må brukast fornuft i dette landet, og av og til vert fornufta sett opp mot faglege vurderingar. Men eg tykkjer ikkje at det høyrest fornuftig ut at det skal gjerast ei vurdering kvar gong dei skal vegen med mobilkran. I den grad Ørsta kommune kan gjere noko i denne saka så slår det meg at vi har ein kommunal- og moderniseringsminister som snakkar om å fornye og forenkle. Jan Tore Sanner kjem til Ørsta i neste veke. I den grad det er mulegheit til å ta opp dette så skal eg gjere det, sjølv om dette i utgangspunktet ikkje er hans embete.

– Faglege forhold må vi høyre på, men ikkje det som unødig kronglete og tungvint. Det må vere råd å ha mobilkraner på vegane, seier Hovde.