SpareBank1 Søre Sunnmøre fekk eit resultat etter tap og skatt i første halvår 2014 på 47,7 millionar kroner mot 27,2 millionar kroner i første halvår 2013.

- SpareBank1 Søre Sunnmøre sitt resultat for første halvår 2014 er godt og prega av god kundeaktivitet, god inntektsutvikling, stabil rentenetto , lågare tap og kostnadskontroll. Pr. 30.6.14 er det spesielt auke i provisjonsinntekter, netto avkastning på finansielle investeringar og reduksjon i tap som gjev størst auke i resultatet. Underliggande bankdrift syner og betring mot tidligare år, seier administrerande direktør Solveig Midtbø.

Kapital på over ti milliardar

Forretningskapital inkl. Boligkreditt er pr. 30.06. 2014 på 10.105 millionar kroner, og viser ei god utvikling.frå 31.12. 2013 som då var på 9.728.

SpareBank1 Søre Sunnmøre sin finansielle posisjon er god og av bankens totale utlånsportefølje er personmarknaden på heile 71,8 prosent av utlån, ein utlånsvekst i dette segmentet på 1,7% i 2014. Tap relatert til bedriftsmarknad er redusert. Netto utlånstap er på 9,6 mill. mot 21,1 millionar året før. Banken har ein innskotsdekning på 74,3%, mot 72,6 i 2013. Rentenetto i prosent av forvaltingskapital er på 1,50% i første halvår 2014 (1,50% for 31.12.2013). Provisjonsinntekter og netto avkasting på finansielle investeringar har auka.

Følgjer krava

Banken oppfyller alle gjeldande regulatoriske kapitalkrav, og er i ferd med å posisjonere seg mot nye krav som er venta dei næraste åra.

Kapitaldekinga i morbank er på 15,36 %. Rein kjernekapitadekninga er pr. 30.06.2014 på 12,08%

Eigenkapitalrentabiliteten etter skatt er på 12,8%, noko som vi er svært nøgde med seier Solveig Midt