Finveret er på veg tilbake. Mot slutten av denne veka kan det gå mot dagar med over tjue grader i Ørsta.

Det melder Meteorologisk institutt på sine heimesider yr.no

I følgje vervarslinga skal vinden dreie i austleg retning. Fyrst med nordaust og klarver tysdag, onsdag og torsdag, og deretter mot søraust med høgare temperaturer mot slutten av veka.

Uttyrkket "Indian summer" skriv seg frå USA. Uttrykkjet skildrar dagar med temperaturar over tjue grader som kjem etter ein periode med dårleg ver ved innleiinga til hausten.

Og haust skal det verte, for frå måndag av er det meldt regn og kjøligare temperaturar.