Kine Ulvestad sit bak skrivebordet på sitt nye kontor hos Ørsta Fysioterapi i Dalevegen. 1. september er ho klar til å ta fatt på sin nye arbeidsdag.

– Eg er privatpraktiserande, og folk treng ikkje tilvising frå lege for å kome til meg. For tida har eg heller ingen ventelister, så eg er klar til å kome i gang.

I Dalevegen deler ho kontorlandskap med fire andre fysioterapeutar, og ho ser fram til samarbeidet.

– Det er fint å kunne spele på lag med fleire. Eg vil mellom anna vere med på eit samarbeid om å tilby fysio-pilates, fortel ho.

Hjarte- og lungesjuke

I fjor på denne tida fullførte Ulvestad ein master i fysioterapi for hjarte- og lungesjuke, og ho har særleg interesse for å treffe folk i denne pasientgruppa, men tek også i mot andre.

– Eg jobbar med alt frå rygg-, nakke-, skulder-, muskel- og skjelettplager. Eg tilbyr også nålebehandling og tek på meg arbeidsplassvurderingar på oppdrag frå NAV.

Ulvestad har dei siste tre åra drive privatpraksis i Volda.

– Men eg bur i Ørsta, og då sjansen til å starte her dukka opp, så greip eg den. Det vert fint å kunne rulle på sykkel frå Hovdebygda og ned på jobb.

Variasjon

Stillinga som fysioterapeut er på 50 prosent. I tillegg jobbar ho på sjukehuset i Eid med hjarterehabilitering.

– Eg likar variasjon i arbeidet. På sjukehuset jobbar eg med inneliggande pasientar, mens eg som privatpraktiserande har med friskare personar å gjere, med litt andre typar problemstillingar. Dette gir meg mykje fagleg påfyll på ulike nivå i helsetenesta.

Nordland

Kine Ulvestad er oppvaksen i Sandnessjøen i Nordland, noko som gir seg til kjenne på dialekten.

Ho studerte fysioterapi i Trondheim, og flytta til Sunnmøre i 2008 då ho hadde

turnus på Mork rehabiliteringssenter i kombinasjon med turnus i Sande kommune. Sidan har ho vorte verande på Sunnmøre.

– Det er kort veg til Ørsta frå Nordfjord og Søre Sunnmøre. Eg ønskjer gamle og nye pasientar hjarteleg velkomne.