Etter at regnet har hølja ned dei siste dagane, er elvar og bekker igjen store. I sommar har det knapt vore vatn i dei, men med godt over hundre mm nedbør på kort tid, er det no kvite strengar i fjellsidene ned mot fjorden.

Like aktive som tysdag og onsdag, er ikkje elvane og bekkene no, men likevel er det igjen dei som pregar både det som augo ser, og det som øyrene høyrer.

Utan tvil har sommaren med sol og varme gledd oss mykje. Det er slik vi vil ha det. Likevel har regnet sine kvalitetar. Det er det som gjer denne delen av landet og verda så inderleg grøn. Av og til har vi lett for å gløyme det.

Italiensk glede over regnet

For nokre år sidan var det italienske presidentparet på offisiell vitjing i Noreg, og ein av dei offisielle postane var vitjing av Sunnmøre. Kongeparet tok i mot dei i Ålesund, og inviterte dei om bord i Kongeskipet Norge. Turen gjekk inn Hjørundfjorden og Norangsfjorden.

Veret var slik det var i byrjinga av veka. Det hølja ned.

Besøket vart følgt av eit stort pressekorps, med både norske og italienske journalistar. Det var sett opp ein eigen båt som følgde kongeskipet innover fjorden. Nede i salongen sat dei norske journalistane og stura. Regn og skodde øydela dei gode fotomotiva. Dei italienske journalistane såg heilt annleis på det. Dei var oppe på dekk, og knipsa det dei kunne. Dei hadde aldri sett ein slik kaskade av regn, elvar og fossar på ein gong, og omtala det heile som eit vedunder.

Rekved

Det er også ein måte å sjå regnet og store flaumelvar på. Men dei representerer også fare. På  Hjørundfjorden flyt det no store mengder rekved som vassmassane har skylt ned. Båtførarane er då også obs på desse.

Men for nokre er rekveden også til hjelp. Måseungar nyttar dei største kjeppane til å kvile seg på, medan dei vaksne måsane jaktar på det som Hjørundfjorden akkurat no er fylt opp med: makrell.