Frå midten av 90-talet og fram til 2009 hadde Ørsta kommune helsestasjon for ungdom, men grunna lite ressursar var dei nøydde til å legge det godt etablerte tilbodet. I Volda kommune har det vore helsestasjon for ungdom sidan 1995, og etter eit budsjettvedtak for budsjett 2013 i Volda såg ein nærare på samarbeid med Ørsta kommune om drift av helsestasjon. I budsjetthandsaminga for 2014 oppretta Ørsta ei 65 prosent helsesøsterstilling, og det var ynskjeleg å få til eit samarbeid med Volda om helsestasjon for ungdom. Samarbeidet er no ein realitet, og det er etablert felles helsestasjon for ungdom i Volda og Ørsta.

- Ein god helsestasjon for ungdom er viktig i det førebyggjande helsearbeidet. Dette er eit lågterskeltilbod der ungdom kan få snakke med helsepersonell før vanskane vert for store, seier Anne Årsnes Skrede som er leiar for helsestasjonen i Volda.

I Volda

Helsestasjonen for ungdom vert lagt til helsestasjonen i Volda (i underetasjen på Volda rådhus), og vert administret herifrå. Volda kommune vil også stille med legeressurs, Arne Drabløs, og begge kommunene stiller med eigen helsesøsterressurs, Lisbeth Hoggen Totland (Volda) og Monica Helen Warberg Matinda (Ørsta). Ørsta kommune betalar Volda kommune i tråd med samarbeidsavtalen, og avtalen vil i første omgang gjelde for eitt år. Ordninga kan verte permanent dersom partane er nøgde.

- Her kan ungdomen kome med alt av spørsmål knytt til kropp, sex, prevensjon, psykisk helse og rus, og dei kan også verte henvist vidare til andre hjelpeinstansar, seier helsestasjonslege Arne Drabløs.

Gratis tilbod

Helsestasjonen for ungdom har vore eit populært tilbod i Volda, og også i Ørsta fram til 2009. Ungdomsrådet i Ørsta har jobba mykje med å få tilbodet opp og gå att i Ørsta, og det har vorte arbeidd bevist med å få tilbodet i gang igjen. No vert arbeidd for å profilere det nye tilbodet i Volda og Ørsta.

- Tilbodet er gratis til ungdom opp til 20 år, og det er ikkje timebestilling. Her er det berre å stikke innom, og ingen spørsmål er for dumme, seier Totland.

Helstestasjonen for ungdom er open kvar tysdag frå 15.00 til 16.30, og alle som kjem innanfor opningstida får hjelp same dag.