Det seier fylkesordføraren om at det kan synest som om Høgskulen i Volda er i ferd med å integrere seg sterkare inn i det som er kalla Vestlandsuniversitet.

Rektor Per Halse har overfor universitetsavisa På Høyden stadfesta at Høgskulen i Volda vil vere med i ein søknad om tettare integrasjon mellom høgskulane og universiteta frå Volda i nord til Stavanger i sør.

Dette er i strid med fylkestinget sin intensjon, der det er bedt om ein tettare integrasjon mellom høgskulane i Volda, Ålesund og Molde.

– Dette er ikkje nye tankar frå Høgskulen i Volda. Tidlegare rektor Jørgen Amdam har sagt det same. Og eg vil heller ikkje vere belærande, og seie kva Høgskulen i Volda skal velje. Likevel ber eg om at ein ikkje forhastar seg, seier Aasen.

Vestlandsinstitusjonane sitt arbeid for ein tettare integrasjon, er eit svar på eit utspel frå regjeringa i mai. Då utfordra kunnskapsdepartementet høgskulane og universiteta til m.a. å tenkje struktur.

I utfordringa frå regjeringa vart det som døme peika på ei tettare integrering mellom universitet og høgskular i regionane. Då var Volda lausleg plassert i ein region med Møre og Romsdal og trøndelagsfylka. Volda ser altså ut til heller å gå sørover.

– Både min og fylkestinget sin intensjon er å sjå på totaliteten. Då må vi ha eit komplett tilbod, og med den humanistisk orientere høgskulen i Volda, den teknologisk orientere høgskulen i Ålesund og logistikksatsinga til høgskulen i Molde, har vi mykje det. Eg skjønar ikkje heilt tankegangen til Volda med å sjå sørover mot til dømes Sogndal, som har mykje dei same tilboda. Ynskjer ein då å konkurrere? Undrar Aasen.

Aasen viser til utfordringa frå regjeringa, og minner om at tilsvarande signal kom då SV sat med utdanningsdepartementet.

– Då vart vi møtte med at kvar for seg var høgskulane i fylket blant dei svake i landet. Det var ikkje kjekke signal å få. Difor er det viktig at vi tenkjer komplementært i fylket vårt, og ser på høgskulane samla.