Som Møre-Nytt skreiv laurdag har seksjonssjefen for tekniske tenester i Ørsta Rolf Magnus Sundgot fått eitt års permisjon, etter eige ønske. Bakgrunnen for permisjonen er ei bekymringsmelding frå tilsette om arbeidsmiljøet i seksjonen.

– Dette er trist. Så mykje meir er det ikkje så lett å seie, sidan dette er ei arbeidsmiljøsak som eg ikkje kjenner alle sider av, seier leiaren for samfunnsutvalet, Inge Kolås (Frp)

– Beklagar du at Rolf Magnus Sundgot ser ut til å vere på veg vekk frå kommunen?

– Ja, veldig sterkt. Og då er det ikkje med det sagt at han er 100 prosent feilfri.

Som leiar for det politiske utvalet som sakene frå teknisk sektor høyrer inn under er han uroa for det som skjer i denne kommunale seksjonen.

– Det har vore, og er, utfordringar. Eg meiner etaten har vore for toppstyrt, i og med at det er rådmannsstaben ved assisterande rådmann som er administrativ leiar for seksjonen, og ikkje seksjonssjefen. Dette har ført til at både små og store saker altfor ofte blir enorme saker, seier Kolås.

Han saknar det han kallar møtepunkt mellom politikarar og administrasjonen, slik at saker kan bli løyste på eit tidleg stadium.

– Rådmannen må akseptere at politikarane gir føringar, seier Inge Kolås.

Ordføraren

Ordførar Stein Aam (Sp) seier at han «tar til etterretning» at Rolf Magnus Sundgot skal ut i permisjon.

God kjemi: Ordførar Stein Aam saman Rolf Magnus Sundgot. Arkivfoto

– Dette er ei personalsak som er vanskeleg å kommentere, men personleg har eg hatt eit godt forhold til Sundgot i dei åra han har vore seksjonssjef.

Seksjonen er inne i ei omorganisering.

– Eg håper vi kjem i mål med denne omorganiseringa. Det skal ligge i botn for dei tekniske tenestene at vi har ei ja-haldning til handsaminga av søknader. Ørsta skal vere ein ja-kommune

– Har Sundgot stått for ei slik haldning?

– Ja, det vil seg seie. Vi har fått gjennom mange positive saker for Ørsta med han som teknisk sjef, saman med mange gode medspelarar. Samstundes er det ein balansegang. Politikarane kan bruke skjøn, og gi dispensasjonar, men det skal ikkje gå på akkord med lover og reglar.