Formannskapet ville i fjor haust ha ei avgrensing for planen, men i budsjettmøtet vedtok kommunestyret at fire område skulle vere med i den nye områdeplanen for Legene.

No etterlyser Kolås kva som skjer i saka. Det gjer han gjennom eit grunngjeve spørsmål til ordføraren.

– Eg må erkjenne at eg er svært kritisk/misnøgd til at arbeidet med områdeplanen ikkje er oppstarta, seier Kolås

– Kommunestyret har også vedteke at arbeidet med områdeplanen på Legene skal lysast ut på tilbod til private firma som driv med arealplanlegging, seier Kolås.

Difor ber han no ordføraren medverke til at politiske vedtak vert respektert og sett i verk.

– Skulle ikkje arbeidet med områdeplanen på Legene omgåande verte lagt ut på tilbod til firma som driv med arealplanlegging, vil eg forbehalde med retten til å fremje mistillit til rådmannen. Men reknar med at dette ikkje vert aktuelt, då eg reknar med at ordføraren ryddar opp i saka, seier Kolås i interpellasjonen.

Legene: Frp har lansert ei stor utbygging på Legene, og vil ha i gang planlegginga. Foto: Pressefoto