Årsmeldinga syner at det vert levert meir mjølk, at det er meir dyrka areal i drift, men at talet på bruk er stabilt med ein liten minus.

I Ørsta var det i 2017 33.862 dekar jordbruksareal i drift. Dette er ein auke på i overkant av 400 daa samanlikna med 2016.

I Volda var det i 20717 15.597 daa jordbruksareal i drift, og som er ein auke på 450 daa.

Stabilt brukstal

Auken kjem trass i at det særleg i Ørsta har vorte omdisponert ein del areal frå jordbruk til husbygging. Det gjeld Mosbakkane i Ørsta sentrum og Pe-garden i Hovdebygda, der om lag 55 daa vart omdisponert.

Talet på bruk er stabilt både i Ørsta og Volda. I Ørsta vart det to færre bruk i 2017, slik at talet no er 174. I Volda vart det eitt færre bruk, og der er talet no 103.

Aukande

Husdyrhaldet er ganske stabilt. Årsmeldinga syner at mjølkeproduksjonen er den totalt dominerande greina innan jordbruksproduksjonen i regionen.

I 2017 var det 1.399 mjølkekyr i Ørsta, og 526 mjølkekyr i Ørsta. Talet på mjølkekyr er aukande, og også produksjonen.

I 2017 vart det produsert 9,6 millionar liter mjølk i Ørsta som er ein auke på om lag 50.000 liter. Av dette var 758.000 liter økologisk mjølk. Geitemjølka utgjorde 407.459 liter.

I Volda vart det produsert 4.1 millionar liter mjølk. Der vart det ikkje registrert leveransar av økologisk mjølk. Geitemjølka utgjorde 361.271 liter.

Det vart levert geitemjølk frå fire produsentar i Ørsta og tre i Volda.

Vanskeleg kvotesituasjon

Seksjonsleiar for kultur og landbruk i Ørsta, Liv Bente Viddal, registrerer at fleire ynskjer å auke produksjonen, men at det er vanskeleg å få det til.

– Marknaden for sal og leige av mjølkekvotar har stramma seg til med høge prisar, og det er vanskeleg å få tak i kvote for dei som ynskjer å utvide produksjonen. Det var i 2017 ikkje mogleg å få kjøpe kvote frå staten, skriv Viddal i årsmeldinga.

Sauetalet er aukande både i Ørsta og Volda. I Ørsta var det 1.974 vaksne sauer og vêrar over eitt år. Det er ein auke på 300 dyr frå året før. I Volda var det 1.955 sauer over eitt år, og det er ein auke på 270 dyr.

Griseproduksjonen er stabil. I Ørsta vart det selt 3.421 grisar til slakt og som livdyr, medan talet i Volda var 2.673.

Samla vart det gjeve 41,7 millionar kroner i tilskot til gardbrukarane i Ørsta i 2017, medan det vart gjeve 18,4 millionar kroner i tilskot til gardbrukarane i Volda.

Mindre hogst

I skogen vart avverkinga noko redusert. I Ørsta vart det teke ut 25.000 kbm skog, som er 2.000 mindre enn i 2016.

I Volda vart det teke ut vesentleg mindre enn i 2016, men som også var eit spesielt år.

– For Volda gjekk avverkinga frå 47.000 kbm til 11.500 kbm i 2017, noko som er eit meir fornuftig nivå i eit langt perspektiv, skriv Peder Magnussen, fagansvarleg for skogbruk, i årsmeldinga.

Voksing

Samstundes var det ein del nyplanting. Det vart sett ut 118.000 planter i Volda og 75.000 i Ørsta. Om lag 100.000 av desse plantene vart voksa. Dette er eit tiltak mot biller som går til åtak på dei unge trea i skogen.

Det var lite invsteringar i skogsvegar i 2017. I Volda vart 255 meter veg ferdiggodkjent.

Sau: Talet på vinterfôra sauer er i vekst i Ørsta og Volda. Foto: Kjell Arne Steinsvik