Det har blitt ein tradisjon å invitere ulike kunstnarar til å kome og presentere kunsten sin i gata sommarmånadane. I år blir det opning laurdag 9. juni, av VG-teiknar Roar Hagen. Han stiller ut på Festspelutstillinga i Kunsthuset. Dette opplyser arrangørkomiteen i ei pressemelding.

No inviterer butikkane i gågata alle som har lyst til å vise fram kunsten sin, til å ta kontakt slik at dei får reservert plass i eit av utstillingsvindauga.

– Vi håper mange vil stille ut i år også. Det er alltid kjekt å vise fram litt av det dei lokale kunstnarane lagar.

Det seier Evy Innselset i Innsel Frisørstudio, og Syver Nupen i Sport1, som er to av initiativtakarane. I år er det Volda og Ørsta Kunstlag som tek imot påmelding, og dei vil gjerne høyre frå interesserte så snart som råd.