Ordførar Stein Aam gler seg over at ein ny vidaregåande skule i Ørsta byrjar å konkretisere seg. Det var i desember i fjor fylkestinget vedtok ein økonomiplan som gav klarsignal for bygging av ein ny Ørsta vidaregåande skule.

Han skal byggjast i tilknyting til Ørsta kulturhus, og ramma for fylkeskommunen er 300 millionar kroner.

– Men i tillegg kjem den nye kompetanseklinikken for tannhelsetenesta. Vert han vedteken, snakkar vi om ein bygning på fire etasjar. Og dessutan vert det oppgradering av kulturhuset. Det gjeld kjøkkenet, toaletta og bibliotekdelen. Og dessutan ein ny amfisal med hundre sitjeplassar, seier Aam. Kommunen har ført opp 31 millionar kroner i økonomiplanen til denne investeringa.

Løyser inn bustadhus

Aam meiner prosjektet er hundre prosent i boks, men er klar over at fylkestinget i juni skal ha ein revisjon og kvalitetssikring av utbyggingsplanen.

– Då kan prosjekt verte utsett. Likevel, eg har forsikringar både frå politisk hald og administrativt nivå at utbygginga av Ørsta vidaregåande skule ikkje vert røyvd, seier Aam.

Kommunestyret har forskottert pengar til innløysing av to bustadhus der den vidaregåande skulen skal kome. Her har fylkeskommunen sjølve sett av elleve millionar kroner i år, og arbeidet med innløysinga og oppgjera for desse husa er i gang.

Bygning i tre

– Vi er også i tett dialog med utbyggingssjef Per Olav Brekkan i fylkeskommunen. Hans stab er i ferd med å lage teikningane for den nye skulen. Det som synest klart, er at det vert ein bygning i massivt tre. Det har fylkeskommunen gode erfaringar med mellom anna ved Romsdal vidaregåande skule, fortel Aam.

– Dette er også eit kraftig signal overfor ungdommen at dei vert satsa på, insisterer ordføraren.

Arealet til den nye vidaregåande skulen vert på om lag 8.000 kvm. I tillegg kjem tannhelseklinikken med eit areal på mellom 700 og 800 kvm. Fylkestinget skal gjere endeleg vedtak om lokaliseringa av denne på fyrstkomande møte.

– Og med renoveringa av kulturhuset, snakkar vi då om ei heilt ny bygningsmasse på om lag 10.000 kvm. Dette er litt av eit prosjekt, seier Aam.