Rett etter klokka 20.00 i går kveld merka folk over store delar av Sunnmøre eit jordskjelv.

- Vi høyrde ei buldring, og merka at heile huset rista, fortel ein som berre vil kalle seg urkebygding.

Som namnet antyder er han frå Urke i Norangsfjorden. Rett etter jordskjelvet kom ein ny buldrelyd, denne gongen frå fjellet på andre sida av fjorden.

– Det var berre eit par minutt etter skjelvet. Då såg eg at raset kom, og eg tok fram mobilen for å filme. Det var eit diregt ras, og eg reknar med at vegen til Stennes no er blokkert, seier urkebygningen.

- Så du meiner jordskjelvet utløyste raset?

- Ja, det er det ikkje tvil om.