- Det er bekymringsfullt og alvorleg når det unaturlege vert det naturlege, seier pastor Hans Reite til Møre.

Ifølgje avisa har Reite, Ole Nygård, Kåre Johan Lynge og Per Arne Åkenes gått saman om å arrangere Jesus-marsjen.

- Vi ønskjer ikkje å sjikanere noko, men å peike på Jesus Kristus, vår frelsar. Vi har med nokre banner og plakatar med bibelord og ting vi trur på.

Komiteen har fått løyve til å gjennomføre marsjen 28. april både i Volda og Ørsta.

- Ørsta/Volda Pride arrangerer Bygdepride fordi vi er noko. Vi er for mangfald, toleranse og kjærleik for alle. Det verkar som om Hans Reite sitt arrangement skal vere imot noko. Han må sjølvsagt ha rett til å arrangere det han vil, og vi håper han får til eit fint arrangement, seier Ingrid Kristine Sylte i styret til Ørsta/Volda Pride til Møre.