- Kontantbruken i Noreg går ned, medan bankkort og mobilbetaling går framover. Dette gjer noko med barn si forståing av pengar og verdi. Difor meinar vi at det er viktig at barn lærer seg tidleg å handtere digitale pengar, seier Andre Skotheim, Banksjef personmarknad i SpareBank 1 Søre Sunnmøre i ei pressemelding.

SpareBank 1 har samarbeidd med over 1.000 foreldre og barn i utviklinga av den nye mobilbanken, som vart lansert i april.

– Mange av foreldra vi har snakka med seier at dei manglar gode verkty for å lære barn om økonomi i ein stadig meir kontantlaus kvardag. Dei saknar også løysingar der barna sjølv kan ha oversikt over eige forbruk og sparing. Det er desse behova vi ønskjer å svare på med Spink, seier Skotheim.

Vil førebygge økonomiske problem

I den nye mobilbanken kan barnet enkelt få oversikt over eigen økonomi. Dei kan sjå saldo på bankkortet sitt, få oppsummering pr. veke og månad av eige forbruk, sjå sparekontoen og lære seg å spare ved bruk av sparemål. Barnet kan også overføre pengar mellom kort-konto og sparekonto, i tillegg til å be foreldra om pengar.

– Barn blir meir kunnskapsrike når dei får praktisk erfaring og mulegheit til å få, bruke, spare og handtere pengar digitalt. Dette påverkar utviklinga av økonomiske verdiar, haldningar og adferd seinare i livet. Vi håpar at Spink kan bidra til læring som førebygger økonomiske problem den dagen barnet skal stå på eigne bein, seier Andre Skotheim.