«Vanlege årsmøtesaker og sak om nedlegging av laget», stod det i møteinnkallinga til årsmøtet. Laget sine tolv medlemmer var budde på nedlegging.

Men møteannonsen er det fleire som har sett, og det medførte at nokre kvinner i Åmdalen tok affære. Dei oppretta ei eiga Facebook-gruppe, og fann ut det var interesse for å engasjere seg i sanitetslaget.

– Alle kunne ikkje kome i dag, men dei vil hjelpe både med kakebaking og anna, sa Audhild Brautaset.

Der og då melde ho, Jorunn A. Bjørdal og Marsha van Bemmel seg inn i laget, og fleire nye medlemmer er på veg. Per tysdag kveld var det sju nye medlemmer i laget.

Årsmeldinga og rekneskapen til Åmdal sanitetslag fortel om ein redusert aktivitet. For andre året på rad vart det ikkje halde basar, og med mangel på basar, sviktar også inntektene. Ved årsslutt hadde laget framleis 48.515 kroner att på bok, men underskotet i 2017 var på over 21.000 kroner.

Lang historie

Sanitetsarbeid i Åmdalen har ei lang historie. Den organiserte aktiviteten var lenge knytt til Ørsta sanitetslag gjennom undergrupper, men for fire år sidan vart Ørsta sanitetslag som overbygning lagt ned. Då forsvann mange av undergruppene, men Åmdal sanitetslag heldt fram.

Men etter at dei same har vore i styret i svært mange år, har dei vorte utslitne.

– Og så har vi sett at oppgåvene som sanitetslaget har styrt med, har vorte færre. Dei har vorte overtekne av det offentlege, og særleg helsestasjonane, påpeikte kasserar Edel Roald.

Likevel, eit velfungerande sanitetslag medverkar med mykje innsamla midlar, og desse går mellom anna til spedbarnspakker til nybakte mødrer. Under årsmøtet måndag vart det vedteke å gje 5.000 kroner i bidrag til oppgraderinga av kjøkkenet på Aktivitetssenteret.

Då saka om vart sett til handsaming, kom det raskt fram at det nye engasjementet gjer at sanitetslaget er liv laga.

– No vart eg veldig glad, seier leiar Bente Kristin Krøvel, som tek eit år til som leiar, og håper at dei nye medlemmene etter kvart engasjerer seg, slik at det vert ei større utskifting i styret for seinare år – og at basaren kjem opp og går igjen. Kaker skal det i alle fall ikkje mangle på.

Åmdal sanitetslag: Fram til årsmøtet var detb tolv medlemmer i Åmdal sanitetslag. No er medlemstalet stigande for fyrste gong på fleire år. Foto: Rune Sæbønes