Stiftinga D/S Ekspedisjon tok over det gamle kommunehuset på Sæbø for to år sidan, og arbeider med å setje den tre etasjar store bygningen i stand til ymse kulturføremål.

– Jernia støttar forskjellig dugnadsarbeid gjennom vaffelfondet. Vi set av ti kroner per selde vaffeljarn, og produsenten Wilfa set av fem kroner. Etter søknad er det no fordelt midlar til 15 søkjarar over heile landet, og vi er glade for at Sæbø D/S Ekspedisjon er ein av mottakarane, fortel Harald Holvik hos Jernia i Ørsta.

Sæbø D/S Ekspedisjon har ein visjon om å fylle det gamle kommunehuset med liv. Då er det naudsynt med ein kjøkkenkrok.

– Han er vi i gang med å få til i 3. etasje, og her tenkjer vi oss at det skal vere ein sosial møteplass, mellom anna med småbarnsbørs, seier Walseth.

Han og Kay Are Urkegjerde i Sæbø /D/S Ekspedisjon rettar ei stor takk til Jernia for pengane.

– Slikt inspirerer til endå meir dugnadsarbeid.