– Vi ønskjer å utvikle Amfi-senteret i Ørsta. Senteret har vore fullt utleigd lenge og det er aktørar som ønskjer å kome inn i senteret. Difor kjem det ei utbygging, men vi veit enno ikkje kva vi skal byggje, kor omfattande det vert, og kva vi vil gå vidare med, seier eigedomssjef Anne Nerbøvik i Amfi.

Ho understrekar at det difor ikkje er sikkert at det vert ei utbygging i tråd med den planen dei har presentert.

Planskissene er uansett spenstige: For utvidinga handlar ikkje berre om utviding for fleire butikkar. Også parkeringshus, og ikkje minst leilegheiter på toppen av kjøpesenteret, vert vurdert.

Vert planen realisert, kjem Amfi Ørsta til å utvide arealet med 6.750 kvm. Det skal også etablerast parkeringsareal på bakkeplan på 6.900 kvm. I tillegg skal det byggjast parkeringskjellar på 5.900 kvm.

Sentrumsplan

Det er i samband med Europan, og den nye sentrumsplanen som no vert lagt ut på høyring, at Amfi-kjeda har presentert planane for utvikling av Amfi og området ikring. Planane handlar om ei stegvis utbygging, ikkje berre mot sentrum og Kunsthuset, men også mot sjøen i tillegg til utviding på dagens parkeringsareal mot Hamneparken.

Eit nybygg med parkeringskjellar, og ei kopling mot Havtor Hovden-plassen og Webjørn Svendsen-gata, er planlagt over 1–2 etasjar. Her skal det også kome ny hovudinngang for kjøpesenteret og området skal urbaniserast.

På eit areal som også omfattar delar av Lina-tomta ved E39 er det planlagt eit frittståande nybygg på 1.500 kvm, i ein eller to etasjar.

– I utgangspunktet kan kva som helst kome her, også daglegvare. I det heile noko som Amfi-senteret er tent med, fortel Nerbøvik.

Mot sjøen er det planlagt parkeringshus og leilegheiter på toppen over tre etasjar. Parkering, og bustader på toppen av forretningar, er også planlagt mot Hamneparken. Ved Kunsthuset ser utbyggaren føre seg areal for næring og torg, og uteservering inkludert aktivitetspaviljongar.

Amfi ønskjer ei utbygging snarast råd. Men mange ting skal avklarast før spaden kan setjast i jorda. Kommunen eig grunnen mot sentrum, og må inngå avtale om kjøp av denne.

– Vi har ein kreativ og god dialog med Ørsta kommune om kva vi kan få til, og i kor stort omfang. Vi har teke signala om å snu oss mot Vikegata, og ser ei moglegheit for å opne opp mot Havtor Hovden-plassen. I dag kan vi ikkje seie noko om kva som vert bygt først. Vi ønskjer så snart som mogleg å få avklara dette spørsmålet, seier Anne Nerbøvik.

Begeistra

Ordførar Stein Aam er svært begeistra for utbyggingsplanen.

– Eg ser fram til ei stor utvikling av Amfi, og eit estetisk løft av sentrum mot Kunsthuset, noko som har vore ein av mine kjepphestar. Utbygginga har veldig mykje å seie for utviklinga av handelsstaden Ørsta, ja, dette vert stort, meiner ordføraren.