Det seier sensor Bjørn Ståle Silnes i Statens vegvesen. Førre veke var han i Ørsta for å lære sekstenåringar og føresette om korleis dei kan kome i gang med sjåføropplæringa.

– For vi ynskjer at ungdom og føresette gjer mykje av sjåføropplæringa sjølve, sjølvsagt i samarbeid med ein sjåførskule, seier Silnes.

Motiverer for trening

Sjåføropplæringa i Noreg har dei siste åra vore i stor endring. Det vert motivert for at det skal vere eit lenger løp mot førarkortet, og der føresette vert ein veldig sentral del av opplæringa.

Statens vegvesen reiser no rundt i Møre og Romsdal og arrangerer møte for føresette og sekstenåringane. Tidlegare vart dette gjort på ungdomsskulane, men det viste seg å verte for krevjande. Difor vert det arrangert folkemøte i åtte forskjellige stader i fylket, og i Ørsta var eitt av møte sist tysdag.

Trass i eit veldig flott ver, var det mange som tok turen til Ørsta kulturhus for å få informasjonen frå vegvesenet. Mellom dei var femtenåringane Peter Bjørndal og Elling Sætre Lillebø.

– Vi vil i gang med opplæringa snarast råd. Vi ynskjer også opplæring for å køyre traktor og moped, seier dei to kameratane, som bur i Liadal.

Reduserer ulykkestalet

På samlinga i Ørsta fekk sekstenåringane og deira føresette informasjon om kva som må til. Mellom anna må alle gjennomføre eit trafikalt grunnkurs før dei kan setje seg bak rattet, og med føresette som følgjeperson i passasjersetet ved sida av.

– Kom også tidleg i kontakt med ein sjåførskule, og legg eit løp saman med ein slik skule, rådde Silnes til.

Han og vegvesenet er overtydde om at ei betra føraropplæring er ei medverkande årsak til at talet på alvorlege ulykker har gått ned. I 1970 var det 560 som omkom i trafikken. I 2017 var det 107.

– Og då må vi også ta med at trafikken er mangedobla. Likevel, tala viser også at risikoen for ulykker er størst blant dei yngste, poengterte Silnes.

– Øvingskøyring er ein viktig faktor for å redusere denne risikoen. Som sensor ser eg at dei som har køyrt i to år før førarprøva, er betre sjåførar enn dei som kjem til prøva etter eit intensivkurs på tre veker, seier Silnes.

øving: – Dei som har trent i to år er betre sjåførar enn dei som kjem frå eit intensivkurs, seier sensor Bjørn Ståle Silnes. Foto: Rune Sæbønes