Det var i juni i fjor at mannen vart dømd for seksuell omgang med barn under 14 år og for å ha vore i eige av 544 bilete som seksualiserte barn. I Søre Sunnmøre tingrett vart mannen dømd til fengsel i eitt år. I tillegg vart han dømd til å betale erstatning på 75.000 kroner til den fornærma i saka. Mannen anka saka til Frostating lagmannsrett. I spørsmålet knytt til seksuell omgang med barn under 14 år fann lagmannsretten bevismessig dekning for den tiltalte si straffskuld. Hendinga skjedde i bustaden til mannen då han var barnevakt for den fornærma.

– Graden av intimitet, den store aldersforskjellen mellom tiltalte og fornærma, og den utprega seksuelle stillinga dette skjedde i, tilseier at forholdet var samleieliknande og eit samleiesurrogat for den tiltalte, heiter det i dommen frå Frostating lagmannsrett.

– Ei grov utnytting

I saka var det uvisse om når overgrepet skulle ha skjedd. I tiltalen mot mannen var tidsrommet anslått til å vere frå 2009 til 2012. I skjerpande retning la lagmannsretten vekt på at fornærma i saka var eit lite barn. Fornærma og tiltalte har ein familierelasjon.

– Det var ei grov utnytting av det omsorgsforholdet tiltalte var tiltrudd og eit brot på tillitsforholdet og avhengigheitsforholdet fornærma hadde til tiltalte. Tiltalte påla fornærma tausheit og sa at han ville kome i fengsel viss nokon fekk vite om hemmelegheita, heiter det i dommen.

Fornærma i saka har ikkje ville snakke om overgrep, men har hatt utfordringar etter at saka kom opp.

Den tiltalte har erkjent dei faktiske forhold i saka. Lagmannsretten understrekar at utan erkjenninga frå den tiltalte ville det ikkje ha blitt noko straffesak, og at mannen difor skal ha ei ikkje ubetydeleg reduksjon i straffa.

Frostating lagmannsrett dømde mannen til fengsel i seks månader. Fullbyrdinga av nitti dagar av straffa vert utsett med ei prøvetid på to år. Mannen vart og dømd til å betale 75.000 kroner i erstatning til den fornærma i saka.