I 2015 starta Thomas Stafne Amundsen, busett på Folkestad, opp Smudzoo som nettbutikk. Planen har vore å bygge seg gradvis opp og no har han opna dørene til butikklokala i Vikegata.

– I Stryn og Nordfjord har dei butikkar som sel dyreutstyr, men det var det ikkje i Ørsta. Eg tenkte at marknaden er stor og Ørsta virkar å vere eit bra handelssenter. Eg trur det er rette plassen å satse på, seier Stafne Amundsen.

Butikkdrivarane har mange år bak som seljar, men har hatt ein draum om å starte noko eige.

– Smudzoo er starten på noko som er uferdig, og så får vi sjå kor vi ender. No er det sal av dyreutstyr til hund, katt, fisk og andre smådyr. På sikt er tanken å ta inn litt hesteutstyr. Planen er kome inn med levandes fisk og andre smådyr etter kvart. Det er målet mitt.

– Kva fekk deg til å satse på denne typen butikk?

– Eg har vakse opp med dyr i alle varianter og har også hatt dyr i vaksenlivet. Når eg skulle starte butikk var det eit naturleg val å gå den vegen som du litt interesse for.

Vikegata: Smudzoo har etablert seg i Vikegata og Amundsen er trygg på at Ørsta er rette staden for butikken.

Nettbutikken har Stafne Amundsen drive på si medan han har vore i full jobb.

– Nettbutikken har vore det første steget for å kome ut i ein fysisk butikk, og her skal det vere nettprisar i butikk. Eg har arbeidd meg gradvis oppover for å kunne satse fullt på dette, og no satsar eg hundre prosent på Smudzoo.

I løpet av dei siste vekene har lokala til Smudzoo gradvis forandra seg og varene har kome på plass.

– Førre måndag var første dag eg hadde dørene opne, og eg ikkje marknadsført at eg har etablert meg her.

Sjølv om butikkdrivaren ikkje har gjort mykje ut av seg endå, har fleire kundar funne vegen til det nye tilskotet i gågata.

– I og med at eg ikkje har marknadsført meg har det vore postivit så langt, og eg vonar at fleire vil legge turen innom når det blir litt meir kjent. Eg ser for meg mange år med butikkdrift i Ørsta.

Amundsen arbeider med fleire ting om dagen.

– I starten av april vil det bli mogleg å bestille varene på nett og hente dei her i butikken.