(NPK): Vi går med andre ord lysare kveldar i møte. I Noreg er det gjennom forskrift for sommartid bestemt at vi, saman med ei rekke andre europeiske land, skal ha sommartid frå siste søndagen i mars til siste søndagen i oktober. I år varer sommartida altså fram til søndag 28. oktober.

Sommartid vart opphavleg innført i ei rekke land i Europa under første verdskrigen, med det føremålet å utnytte dagslyset betre i den perioden av døgnet ein normalt er vaken. Éin lys time ekstra om kvelden ville blant anna spare energi til oppvarming og lys. Noreg har hatt sommartid kvart år sidan 1980.

Mange hugsar ikkje om klokka skal stillast fram eller tilbake ved overgangen til og frå sommartid. Då kan du bruke denne hugseregelen: Ta utgangspunkt i at du ser fram til sommarferien, og at du dermed stiller klokka fram på våren. Om hausten lengtar du tilbake til sommarferien og stiller dermed klokka tilbake.