Korleis er kvardagen din?

Dagen startar alltid litt seinare enn planlagt, senga er ekstra god om morgonen. Vidare er det rett på jobb (til mine kjekke kollega), der består dagen av mange forskjellige og innhaldsrike oppgåver. Etter jobb må blodsukkeret raskt opp i håp om å halde motet oppe til litt trening. Elles er det mykje tid med venner.

Kva aktuelle saker opptar deg for tida?

Aktuelle saker må vere idrettsanlegget på Vartdal, det blir skikkeleg stas!

Kva vil du framheve med heimstaden din?

I mine auge verdas beste plass å vakse opp. Du har alt du treng; barnehage, heilt ny skule og idrettshall, butikk, frisør og mange flotte arbeidsplassar langs heile stranda. (Ikkje minst dei flottaste fjella). Snakkar sjølvsagt om Vartdal.

Kva saknar du i sentrum av Ørsta?

I sentrum skulle det vore ein restaurant/uterestaurant nede med hamna. Ein plass og møtast, både på ettermiddag og helg.

Kva ville du gjere om du fekk vere ordførar i ei veke?

Reist rundt til alle sjukeheimane i kommunen og rosa alle som gjer ein fantastisk jobb kvar dag. Og i tillegg høyrt kva vi kunne gjort for å gjere kvardagen enklare, både for dei som jobba der og bur der.

Kven fortener ein blomebukett?

Mamma, utan tvil.

Korleis er di draumeforside i Møre-Nytt?

«Vartdal blir eigen kommune». (Hoho)

Kva er ditt beste minne frå oppveksten?

Solfylte somrar med tura i Skorgedalen og Lisjedalen der vi bada og grilla heile dagane. Ikkje minst tida vi spelte fotball, då reiste vi rundt saman med foreldra våre.

Kva får deg til å le?

Eg elskar å le, kvardagshumor er gøy. Heldigvis omringa av mykje artige folk, både på jobb og elles. På tv er Modern Family ein av favorittane.

Kva er ditt favorittmåltid?

Litt kresen i matvegen, men stadig under utvikling (absolutt eit forbedringspotensiale). Favorittmåltidet må likevel vere heimelaga lapskaus, laga av mamma sjølvsagt.