Det seier Roy Lillebø, skipper og medeigar i «Slogen», den ombygde ferja som onsdag kveld kom til Sæbø, der båten skal ha base for ei stor turistsatsing.

Bak satsinga står reiarlaget Fjord Exploring AS. Reiarlaget har base på Sæbø, og medeigarar er Terje Stokke, Roy Lillebø og Oddvar Olsen frå Sæbø, og Kåre Olsen og Bent Agasøster frå Bømlo.

Skipper: Roy Lillebø gler seg over endeleg å ha kome til Sæbø med Slogen.

Dei har kjøpt ei tidlegare ferje som vart bygt i 1959. Då vart skuta døypt «Tonsøy», og gjekk i rute i Sogn og Fjordane. Tidleg på 2000-talet vart ferja kjøpt og flytta til Nord-Noreg. Med namnet Landego har båten vorte nytta til turistsatsing.

– I januar i fjor fekk vi ideen til denne satsinga. Vi var fyrst interesserte i å kjøpe systerbåten, men landa på denne ferja, fortel Terje Stokke.

Fått godkjenning

Handelen vart gjort i fjor haust, og det fyrste som måtte gjerast var å få sjølve skroget rehabilitert og godkjent. Skuta vart henta på Bømlo. Planen var å ta henne heim til Sæbø, men dårleg ver gjorde at det vart ein stopp i Måløy. Då bestemte reiarlaget seg for å ta naudsynte ombyggingar ved eit verft der. Dei siste vekene har båten fått dei naudsynte sertifiseringane frå Sjøfartsdirektoratet, og onsdag kom båten heim til basen på Sæbø.

Slogen: Den tidlegare ferja er bygt om til å hyse overnattingsgjester. Foto: Rune Sæbønes

Båten har 21 køyeplassar, der tre er for mannskapet. Det vil seie at det er plass til atten overnattingsgjester om bord. I tillegg er båten godkjent for seksti dagspassasjerar.

– Vi satsar i fyrste rekkje på å tilby overnatting, og med eit konsept der folk kan bu om bord, og ta seg turar på dagtid. I vinter- og vårsesongen handlar det om skiturar, og om sommaren og hausten fjellturar og andre aktivitetar, fortel Stokke.

På spørsmål om kva satsinga har kosta, svarar Stokke og Lillebø «nok». Men finansieringa har kome på plass.

– Vi har fått god hjelp frå Stiftinga Ørsta Næringskontor og Ørsta kommune. Vi vart kopla til Innovasjon Norge, og med finansiering der, fekk vi også Sparebanken Møre med oss. Då vi starta prosjektet var for så vidt dei lokale bankane interesserte, men ville ikkje støtte oss, fortel Stokke.

Kommunen har også hjelpt til med kaiplass. Båten skal ha fast kaiplass på kommunekaia på Sæbø. Der har kommunen betalt for oppgradering, medan Fjord Exploring har stått for arbeidet. Mellom anna er det laga til ei ny fendring.

Visingstur

I arbeidet med å etablere reiarlaget og satse på denne båten, har reiarlaget vore i kontakt med det andre reiselivet i Hjørundfjorden.

– Vi har berre fått positive innspel. Arbeidet med masterplanen for Hjørundfjord har vore viktig, for i samband med det arbeidet har det vorte skapt eit nettverk vi alle kan drage nytte av, seier Stokke.

Arbeidet med å få båten i stand har teke tid. Og enno er ikkje alt ferdig. Nokre av lugarane må byggjast om, og ein stor salong skal også på plass. Stokke håper at dette arbeidet skal vere ferdig til april.

– Målet vårt i fyrste omgang er å få til ein visingstur i løpet av april, slik at vi kan gjere tilbodet kjent. Og der etter kome skikkeleg i gang til komande sesong, seier Stokke.