Ho var ein av mange som tok turen til Ørsta kulturhus tysdag for å vere med på eldrefesten til Ørsta Rotaryklubb og Ørsta Inner Wheel.

– Det er eit veldig bra arrangement. Vi har vore her mange gonger tidlegare, fortel Tranvåg, som tok turen saman med mannen Roger og Anders Granly Rebbestad.

Musikk: ØB Brass stod for det musikalske under eldrefesten.

Det var over 150 festpynta gjester som kom til Ørsta kulturhus tysdag. Der vart dei tekne i mot av programleiar og president Anne Ellingsen i Ørsta rotary og president Eli Berit Strande i Inner Wheel.

– Vi arrangerer eldrefesten for 32. gong. Målgruppa vår er pensjonistar over heile kommunen. Erfaringa får er også at det kjem gjester frå heile kommunen, frå sentrum, Sæbø og Vartdal, frå dalane og strendene. Det set vi veldig stor pris på, seier Ellingsen.

– Vi trur også at dette er ein hyggjeleg møteplass for pensjonistane, og at dei set pris på denne hendinga. Vi legg opp til at det skal vere mykje god prat rundt borda, for vi er overtydde om at det er viktig, seier Ellingsen.

Programmet opna med ein Rotary- og Inner Wheel-tradisjon, eit såkalla treminutt. Det vil seie at ein av medlemmene får tre minutt til rådvelde for å fortelje det ho/han er oppteken av.

På eldrefesten var det Thor Arne Sørheim som hadde innslaget. Han fortalde kor viktig det er med frivillige lag og organisasjonar.

På ein eldrefest skal det sjølvsagt vere allsong, og på festen tysdag var det som vanleg Einar Øyehaug som drog allsongen i gang.

Før ØB Brass kom på scena vart det servert smørbrød og kaffi.

Kaker: Arnstein Nupen serverer kake på Rotary-festen til Anders Granly Rebbestad, Sigrid Tranvåg og Roger Tranvåg.

ØB Brass deltok med eit tjue minutts variert program, med marsjar og frelsesarme-musikk, og dei hadde med seg Leif Atle Strand og Sverre Johnsen som solistar.

Både Anne Ellingsen og Eli Berit Strande fortalde undervegs om arbeidet som Ørsta Rotary og Ørsta Inner Wheel står for. Det er å støtte tiltak både lokalt, nasjonalt og internasjonalt.

Det vart sett av tid til kakeservering, og til loddsal og trekning.

– Loddsal er i seg sjølv god underhaldning, og gjev litt spenning, seier Ellingsen. Det var Einar Øyehaug som stod for trekninga.

Etter eldrefesten oppsummerer Ellingsen med at det vart ein flott kveld.

– Det krev sjølvsagt litt arbeid på førehand og undervegs av Rotary og Inner Wheel sine medlemmer. Men gjennom åra har vi opparbeidd oss rutinar og ansvarsforedling. Det gjer at dette er noko av det kjekkaste vi driv på med. Vi har eit godt samarbeid oss organisasjonane i mellom, og når vi då får gode tilbakemeldingar, gjev det oss motivasjon til å kome tilbake med ein fin eldrefest også neste år, seier Ellingsen.

Ho takkar alle som møtte tysdag.

– Og velkomne skal alle vere neste år, seier Ellingsen.