I 2015 gjekk den saksøkte ørstingen til innkjøp av ein personbil. Nokre månader seinare vart oljeforbruket til bilen undersøkt ved ein verkstad og rekna til å vere 0,221 per 1.000 kilometer. I august 2016 selde mannen bilen til ei bilforretning som innbyte for ein annan modell. I kjøpskontrakten mellom partane stod det at bilen vart levert i god stand, utan kjende feil og manglar, fri for heftingar, to sett hjul og elles som skildra.

– Utbetring som må utførast før bilen kan seljast vidare må kostast av tidlegare eigar, stod det i kontrakten.

Bilen vart omregistrert og lånt ut til ein kunde av bilforhandlaren. Kunden oppdaga etter kort tid at oljelyset byrja å lyse, og fylde på. Kort tid etterpå skjedde det same på nytt. Kunden gav beskjed til forhandlaren som vart overraska over problematikken. Oljeforbruket vart undersøkt og det vart rekna til 1,2 liter olje per 1.000 kilometer. Det vart gjennomført tiltak og ei ny undersøking viste eit forbruk på 0,52 liter per 1.000 kilometer. Neste tiltak var å skifte motoren. Den saksøkte motsette seg kravet frå bilforhandlaren som igjen reiste søksmål mot mannen.

I Søre Sunnmøre tingrett vart det slått fast at bilforhandlaren fekk medhald i sitt krav om erstatning for kostnader med bytte av motor på bilen. Retten kom fram til at det er sannsynleg at det er teke eit alminneleg atterhald om at bilen vart seld «som den er», men at den saksøkte likevel kan ha eit mangelansvar etter kjøpslova. Retten kom og fram til at det ikkje var sannsynleggjort at mannen «måtte kjenne til» at bilen sitt oljeforbruk var unormalt.

Bilforhandlaren meinte at køyretøyet var i vesentleg dårlegare stand enn dei kunne forvente. Retten kom fram til at bilen var i vesentleg dårlegare stand etter kjøpesummen sin storleik og forholda elles. Retten meiner og at det er sannsynleggjort at årsaka til det høge oljeforbruket var til stade på tidspunktet før levering til bilforhandlaren. I tillegg meiner retten at forhandlaren ikkje burde ha oppdaga mangelen ved si undersøking av bilen.

I Søre Sunnmøre tingrett vart mannen dømd til å betale 135.451 kroner i erstatning til bilforhandlaren. Mannen må og betale 70.916 kroner i sakskostnader.