Talet på påkøyrsler har auka etter at Kvivsvegen vart opna i september 2012, står det i formannskapspapira til Volda kommune.

50.000 per påkøyrsle

Frå 2008 er gjennomsnittleg hjortepåkøyrsler per år 16 dyr i Volda. I 2016 og 2017 vart det påkøyrt høvesvis 26 og 36 hjortar. 26 av dei 36 hjortane som var påkøyrde i 2017 døydde av påkøyrselen eller vart avliva seinare.

– Det er ikkje gjort ei fullverdig kalkyle for kostnader med hjortepåkøyrsler, men eit gjennomsnittleg kostnadsoverslag som vert brukt er 50.000 kroner. Det vil seie at i 2017 kosta hjortepåkøyrsler i 1,3 millionar kroner i Noreg. Dette er svært høgt, og vi er nøydde til å ta grep, står det i sakspapira.

Eitt grep kommunen ønskjer å gjere er å endre minstearealet slik at det vert mogleg å tildele fleire løyve og dermed redusere hjortestammen.

I 2017 vart det sett fellingsrekord med 508 skotne hjortar, 21 fleire dyr enn ved den førre rekorden frå 2008. Fleire vald skaut heile kvoten.

Kunne ha skote fleire

Tilbakemeldingar frå valda er at det er gjort observasjon av mykje hjort, at det er fleire dyr å sjå om vinteren enn normalt, at det er skader på frukttre, ungskog og innmark, og at det er fleire frustrerte bønder.

– Fleire av valdsleiarane seier også at dei kunne ha skote mange fleire dyr om kvoten hadde vore større.

Kommunen har hatt ute ei høyring for å høyre om det er interesse for å endre minstearealet og tildele fleire løyve. Seks av høyringssvara er positive. Fleire peikar også på skadane på innmark og ungskog.

14 av 21 vald har i dag dispensasjon frå minstearealet. Tilbakemeldinga er at det er store lokale forskjellar på hjortestammen i kommunen. Nokre vald klarer seg med 700/800 da/løyve, mens andre har så tett hjortestamme at areal ned mot 200 da/løyve kan forsvarast.

– Ein reduksjon i minstearealet gjer at kommunen kan gi dispensasjon til dei valda som har behov for det, og dermed tildele ned til 200 da. Dette gir kommunen eit mykje større handlingsrom slik at vi kan tildele fleire løyve der det er behov.

Same som i Ørsta

Framlegget er å sette eit minsteareal på 400 da, som er det same som i Ørsta.

– Det gir moglegheiter for samarbeid ved å danne bestandsplanområde på tvers av kommunegrensene.

Om minstearealet vert fastsett innan 15. mars, før årets tildeling av fellingsløyve, gjer at ein reduksjon av minstearealet vil få innverknad for jakta 2018.

Formannskapet i Volda handsamar saka på møte 13. mars.