Det finst framleis sildefiskarar i Ørsta. Sjå berre på 15 år gamle Peter Bjørndal frå Håvoll. Han har gått i lære med bestefaren, og no held han på for sjette året på rad.

– Det er ikkje så mykje anna å tene pengar på om vinteren, seier Peter.

Spesialiteten er boknasild - ei halvtørka delikatesse med lange tradisjonar. Han har garn i fjøra på Håvoll. Fangsten blir så hengt opp under altanen til besteforeldra for å tørke.

Tilårskomne kundar

Dei fleste kundane er litt opp i åra.

– Største ordren i år kom frå ein sjukeheim i Herøy. Dei kjøpte 150 på ein gong, fortel sildefiskaren.

Prisen er overkomeleg - 10 kroner per sild. Bestemor Dagrun Sætre styrer salsavdelinga, men fiskaren sjølv er ikkje utan seljartalent.

–Eg bruker å seie at det er middag for 50-lappen.

–Sild er kanskje ikkje favorittmaten til ungdomen. Ærleg tala, likar du boknasild ?

–Ja eg brukar å plukke ei rett frå stanga når eg kjem frå skulen. Eg et dei som tørrrsild.

Priskamp

Konkurrentane i Herøy tar 20 kroner per boknasild kan han fortelje.

–Den silda er jamt over større. Silda vi får her inne er for det meste Ørstafjordsild. Ho er litt mindre enn storsilda som kjem inn for å gyte, men ho er betre.

Krevjande kundar

Boknasild er tradisjonsmat av ypperste sort. Kundane veit kva dei vil ha. Problemet er at det akkurat det varierer veldig.

–Nokre vil ha ho meir tørka og andre mindre. Det er ikkje alltid så lett å vite, seier Peter.

Fisket foregår i fjøra. Garnet står berre nokre meter frå land i støda.

–Beste fangsten i år er 100 sild, men i fjor fekk eg 870 på ein gong. Då måtte eg ha hjelp frå fleire i familien. Fisket har vore litt dårlegare i år.

Fiskarlivet

Fiskarlivet er hardt. Garna må ikkje stå for lenge.

–Fisket er ingen kunst, men garna må dragast kvar dag. Det er ikkje alle dagar som er like fine. Du må tole å fryse litt.

Volvo-draum

Sildefisket har skapt rikdom langs kysten i generasjonar. Det er visst ikkje slutt på den tida.

–No sparer eg til ein Volvo 244, seier Peter Bjørndal, som har har klar plan for den vidare karrieren.

–Eg skal byrje på sjøen. Det er det ikkje tvil om.

Fangsten vert vidareforedla etter naturmetoden under altanen til besteforeldra. Foto: Svein Aam