Det kjem fram i eit informasjonsskriv frå landbrukskontoret i Ørsta og Volda.

Kommunane har i dag god oversikt over areal som er tilplanta, men inga oversikt over tilstanden til granplantene på dei gamle hogstflatene.

- Dette er ein formidabel og svært viktig jobb, står det skrivet.

Arbeidet skal bli gjennomført gjennom skogkulturprosjektet 2018.

Prosjektet er finansiert av Volda kommune, Ørsta kommune, fylkesmannen i Møre og Romsdal, Allskog (med prosjektmidlar frå fylket) og rentemidlane frå skogfond.

Arbeidsoppgåvene til prosjektleiar vil vere å sjå på gamle flater som er tilplanta etter hogsten.

Her vert det utført fleire registreringar for å kartlegge tilstanden på flata, og dermed sjå an behovet for ev. flaterydding og suppleringsplanting. Registreringane vert rapportert til skogbruksansvarleg, som tek dialogen vidare med skogeigar og ev. Allskog.

I 2017 vart det satt ut nesten 100.000 granplanter med voks som beskyttelse mot gransnutebilla. Desse felta vil få ekstra oppfølging i prosjektet. Prosjektet er tenkt å starte så fort snøen forsvinn då dette er tida det er enklast å finne granplantene mellom anna vegetasjon. Skogbruksansvarleg arbeider med å finne kvalifisert prosjektleiar i desse dagar.